Landevegsrøveri eller fornuftig miljøpolitikk?

Det er mykje misnøye for tida, mange roper høgt, gret og bær seg. Skal det ingen ende ta på dette ranet av bilistane? Betaler vi ikkje vegavgift i dyre dommar, og har vi ikkje den høgste bensinprisen i verda? Kvifor skal vi finne oss i å betale bompengar kvar dag på veg til jobb? Er det ikkje staten si oppgåve å byggje nødvendige vegar? Kvifor skal bilistane betale for vegane når vi bur i eit av dei rikaste landa i verda?

Desse, og liknande argument høyrer eg kvar dag, og eg må ta meg saman for å ikkje skrike ut: «Din jævla egoist!». Det er riktig at vi bur i eit av dei rikaste landa i verda, men kvifor gjer vi det? Kvifor kan lille Noreg, med ein part på under ein promille av befolkninga på kloden, slå oss på brystet og seie: «Det er vi som er rikast»? Jo, det er på grunn av all olja vi er så velsigna å ha utanfor kysten vår. Og er det ikkje nettopp denne olja som er skuld i dei fleste av forureiningsproblema vi opplever i dag? Då synst eg det er berre rett og rimeleg at vi må betala litt for det òg, når heile vår rikdom er bygd på tilgrising av planeten, som barna og barnebarna våre skal vekse opp på.

Jamen, vi har den aller høgste bensinprisen i verda, kan det vere rettferd då? Nei, vi har ikkje den høgste bensinprisen i verda. I kroner og øre, ja, men det er uvesentleg. Det som tel, er kor mykje Ola Nordmann må arbeide for ein tank bensin, og det er ikkje mykje. Ein middels løna industriarbeidar tener kanskje 165 kroner i timen, av det betaler han kanskje 55 kroner i skatt, og sitt attende med 110 kroner utbetalt. Om tanken på bilen rommar 50 liter, så må han med ein bensinpris på 13,50, arbeide litt over 6 timar for å kunne fylle opp tanken. Tar ein til dømes ein polakk, så tener han i heimlandet kanskje 20 kroner timen. Omlag halvparten av bensinprisen i Noreg er avgifter, så om vi seier at polakken betaler 6 kroner literen, som er godt under halvparten av dei norske prisane for tida, så må han arbeide over 15 timar for å fylle tanken. Då er det ikkje nokon tvil om kven som i realiteten betaler mest for bensinen sin, av polakken og nordmannen.

No har det seg slik, at sjølv om Ola Nordmann gret og ber seg for den høge bensinprisen, så kostar det han ikkje mykje å ta bilen til jobb, i staden for å velje meir miljøvenlege alternativ som sykkel, buss eller apostelhestane. Når no eit overveldande fleirtal i Trondheims bystyre har gått inn for ei miljø og vegpakke finansiert av bompengar, så skrik nordmannen ut: «Eg blir ruinert av dette landevegsrøveriet!». Men blir han det? Nei, vi kjem framleis til å vere den rikaste befolkninga i verda, og ingen kan ta ifrå oss det.

Vi lever eit liv i luksus, og er vande med det. Sjølv eg, som er gift med ei uføretrygda kvinne, og forsørgjer 4 barn med ei, etter norsk standard, middels låg inntekt, som er ytterlegare redusert på grunn av skulegang, har det bra. Eg har det faktisk så bra, at eg kan ta fri kvar helg. Eg eig bustaden min sjølv, alle familiemedlemmane har kvar sin berbare PC. Vi har stor flat-TV, Playstation, campingvagn og ei lynrask internettilknyting. Kort sagt så lever eg i luksus, sjølv om eg har ein mykje trongare økonomi enn mange av mine landsmenn. Difor betaler eg bompengane mine med glede. Eg er sjølv med på å forureine, og på å belaste vegnettet, slik at det ikkje lenger tar unna nok trafikk, og det kostar.

Ja, men eg betaler skatt, og staten burde bruke desse pengane på slike ting! Ja, du betaler forhåpentlegvis skatt. Men har du ikkje òg rett på sjukehus, skulegang, fri bruk av bibliotek, trygdeytingar og andre ting vi nordmenn tek for gitt? Alle desse tinga er gode ting som høyrer heime i eit velferdssamfunn. Bilen derimot er luksus, difor meiner eg ein skal betale etter bruk, ikkje etter evne, som ein gjer med til dømes sjukehusplassen. Det er jo ei kjend sak at dei som betaler mest i skatt òg ofte er dei som nytter helsetenestene minst, nettopp fordi dei er friske og ikkje treng dei. Og slik må det vere, om eit velferdssamfunn skal fungere; Betal etter evne, motta etter behov.

No kan ein sjølvsagt diskutere om bommane står rettvist plasserte, all den tid nokre slepp unna denne avgifta. Nei, dei er ikkje det, ikkje var dei det ved forrige bomperiode heller. Mitt råd til deg da, om du meiner du eller andre blir belasta urettvist hardt, er som følgjer. Set deg ned og studer partiprogramma, og dei forskjellige partia sine meininger omkring bomsaka. Og røyst etter det mest fornuftige programmet ved neste kommuneval. Men gjer meg ei teneste; tenk litt lengre enn din eigen nase rekk, og bit ikkje på argument om at vi har oljepengar, så vi bør ikkje trenge å betale for bensin og vegar. Så egoistiske bør vi ikkje vere.

Mitt forslag er vegprising. Sett opp mange enkle kontrollpunkt, og pålegg alle som ferdest i Trondheim til dagleg, å ha ein Autopassbrikke i frontruta. Slik kan dei kan betale etter bruk, og dei mest belasta strekningane kan vere dyrast. Så kan vitjande, og andre som svært sjeldant køyrer i kommunen, betale ein høg døgnsats om dei ikkje har ein slik brikke. Likt det systemet som i dag finst med piggdekkavgifta. Og om du leiter godt, så finst det minst eitt parti med ein liknande visjon for bomringen. Kva for eit parti det er, får du finna ut sjølv.

Helsing frå ein smilande bompengebetalar.

Tags: , ,

2 Responses to “Landevegsrøveri eller fornuftig miljøpolitikk?”

  1. adminNo Gravatar Says:

    Det ovanståande innlegget vart skreve som ein skulestil i norsk sidemål ved vaksenopplæringa ved Gerhard Schøning vgs i Trondheim. Oppgåva var: Skriv eit lesarinnlegg om eit tema som har vore aktuelt i media i det siste.

  2. LeneNo Gravatar Says:

    Hear, hear! ;) Elsker deg, nynorskfantomet mitt. <3

Leave a Reply

Spam Protection by WP-SpamFree

Spam protection by WP Captcha-Free

Vote for Launchpad to add usage statistics.
Bloggurat
Bloggurat
Twitter: anoteng

BalleClorins geekblog is using WP-Gravatar